
Baderomsmøblar i eik frå Linn Bad – tidlaus eleganse, eiketrendar og berekraftige val
Badet er meir enn berre eit funksjonelt rom – det er ein oase for velvære, ro og kvardagsluksus. Med Selma og Emma baderomsmøblar frå Linn Bad får du den perfekte balansen mellom skandinavisk design, berekraftige materialval og moderne funksjonalitet.
Linn Bad er ein norsk produsent med stolte tradisjonar, og i 2025 feirar dei 50 år med norsk møbelproduksjon. Alle møblane blir designa og produsert i Noreg, noko som sikrar høg kvalitet, kortreiste materialar og eit sterkt fokus på berekraft.
Både Selma og Emma-serien kombinerer massiv eikestav og eikefinér med smarte løysingar, skapt for å vare i generasjonar. Trenden innan eik har dei siste åra gått mot eit naturleg, varmt og lunt uttrykk.
Eik gir ein harmonisk stil, medan mørk eik tilfører djupne og eksklusivitet.
For å unngå overproduksjon og svinn nyttar Linn Bad overskotsmateriale frå eikeproduksjonen på ein innovativ måte. Eikefinér som ikkje passar saman i farge eller struktur, blir i staden lakkert og brukt til å skape EMMA og SELMA i mørk eik. Dette hindrar overproduksjon og svinn, samstundes som det skapar eksklusive, mørke baderomsmøblar med eit unikt uttrykk.
Linn Bad AS har eigen Corian-produksjon som eit ledd i ein meir grøn produksjon. Med Corian kan du skreddarsy baderomsmøbelet ditt med ei slitesterk, saumlaus benkeplate som varer i generasjonar. Corian er ikkje berre estetisk tiltalande, men òg eit berekraftig val, då materialet kan resirkulerast og gjenbrukast.
Vel du SELMA eller EMMA, investerer du i norsk kvalitet og tidlaus design. Med moderne eiketrendar, berekraftige materialar og Corian-produkt skaper Linn Bad baderomsmøblar som ikkje berre er vakre – men som òg gjer ein skilnad.
Tekst/foto: Linn Bad.
Finn din nærmeste Baderingen forhandler her: Finn din forhandler – Baderingen • Alt til badet